LibreOffice 24.8 Hjelp
I reknearkdokument kan du finna ord, formlar og stilar. Du kan gå frå éitt resultat til det neste eller du kan utheva alle samsvarande celler på éin gong og deretter endra formatering eller byta ut celleinnhaldet med anna innhald.
Celler kan innehalda tekst eller tal som er skrivne rett inn som i eit tekstdokument. Men celler kan også innehalda tekst eller tal som er komne fram ved utrekning. Dersom for eksempel ei celle inneheld formelen «=1+2» vert resultatet «3» vist. Du må velja om du vil søkja etter 1 eller 2 eller resultatet 3.
I vindauget «Søk og byt ut» kan du velja om du skal søkja i formlar eller i resultata av utrekningane.
Vel Rediger → Søk og byt ut for å opna dialogvindauget «Søk og byt ut».
Trykk på Fleire val for å utvide dialogvindauget.
Vel «Formlar» eller «Verdiar» i nedtrekkslista Søk i.
Med «Formlar» finn du alle deler av formlane.
Med «Verdiar» finn du resultatet av utrekningane.
Celleinnhaldet kan formaterast på fleire måtar. For eksempel kan eit tal verta formatert som valuta for å visa det med eit valutasymbol. Valutasymbolet er synleg i cella, men du kan ikkje søkja etter det når formatert vising er slått på.
Vel Rediger → Søk og byt ut for å opna dialogvindauget «Søk og byt ut».
Skriv inn søkjeteksten i tekstfeltet Søk etter.
Trykk anten på Finn neste eller Finn alle.
Når du trykkjer på Søk, vel Calc den neste cella som inneheld søkjeteksten. Du kan endra søkjeteksten om du vil og trykkja på Søk igjen for å gå til den neste cella som vart funnen.
Dersom du lukka vindauget, kan du trykkja på CmdCtrl + Shift + F for å finna neste celle utan å opne dialogvindauget.
Calc søkjer som standard det gjeldande arket. Merk av for Alle arka for å søkja gjennom alle arka i dokumentet.
Når du trykkjer på Søk etter alle, markerer Calc alle cellene som inneheld søkjeteksten. Nå kan du mellom anna setja teksten i alle cellene som vert funne, til halvfeit eller bruka ein cellestil til alle samtidig.
Vel Vis → Dokumentstruktur for å vise dokumentstrukturen.
Dokumentstrukturen er det viktigaste verktøyet når du skal finna og merkja objekt.
Bruk dokumentstrukturen for å setja inn objekt og lenkjer frå det same dokumentet eller frå andre opne dokument.