LibreOffice 24.8 Hjelp
I LibreOffice Calc kan du setja inn verdiar, tekst eller formlar som samtidig vert kopierte til andre merkte ark i dokumentet.
Vel alle dei ønskte arka ved å halda nede tasten CmdCtrl medan du trykkjer på dei ønskte arkfanene som framleis er grå på den nedre margen i arbeidsområdet. Alle dei valde arkfanene vert nå kvite.
For å velja fleire ark, kan du bruka Shift + CmdCtrl + Page Up eller Page Down.
Når du nå set inn verdiar, tekst eller formlar i det synlige arket, vil dei også dukka opp på same staden i dei andre merkte arka. For eksempel om du skriv inn data i celle A1 i det synlege arket, vert dataa også sette inn i celle A1 i alle dei andre merkte arka.