Importera og eksportera dBASE-filer
Du kan opna og lagra data i dBASE-formatet (filetternamn .dbf) i LibreOffice Base eller eit rekneark. I LibreOffice Base er ein dBASE-database ei mappe som inneheld filer med filetternamnet .dbf. Kvar fil svarar til ein tabell i databasen. Formlar og formatering går tapt når du opnar og lagrar dBASE-filer i LibreOffice.
Importera ei dBASE-fil inn i eit rekneark
-
Vel Fil → Opna.
-
Finn dBASE-fila du vil importera.
-
Trykk på Opna.
Dialogvindauget Importer dBASE-filer vert opna.
-
Trykk OK.
dBASE-fila vert opna som eit nytt Calc-rekneark.
Viss du vil lagra reknearket som ei dBASE-fil, må du ikkje endra eller sletta den første rada i den importerte fila. Denne rada inneheld informasjon som krevst i ein dBASE-database.
Importera ei dBASE-fil inn i ein databasetabell
Ein LibreOffice Base-databasetabell er eigentleg ei lenke til ein database.
-
Vel
. -
Skriv inn eit namn for databasen i feltet Filnamn i dialogvindauget Lagra som.
-
Trykk på Lagra.
-
Vel «dBASE» i boksen Databasetype i dialogvindauget Databaseeigenskapar.
-
Trykk på Neste.
-
Trykk på Bla gjennom.
-
Finn mappa som inneheld dBASE-filene og trykk på OK.
-
Trykk på Fullfør.
Å lagra eit rekneark som dBASE-fil
-
Vel Fil → Lagra som.
-
Vel «dBASE» i boksen Filformt.
-
Skriv inn namnet på dBASE-fila i feltet Filnamn.
-
Trykk på Lagra.
Berre dataa i det gjeldande arket vert eksporterte.