LibreOffice 24.8 Hjelp
Den ferdige pivottabellen kan innehalda mange ulike element. Ved å gruppera elementa kan du gjera resultatet tydelegare.
Marker ei celle eller eit celleområde i pivottabellen.
Vel Data → Grupper og disponer → Grupper.
Avhengig av formatet på dei markerte cellene, vert anten eit gruppefelt lagt til pivottabellen, eller du vil sjå eit av dei to dialogvindauga Grupperfor talverdiar eller for datoverdiar.
Pivottabellen må organiserast slik at det er råd å bruka gruppering.
Trykk inne i ei gruppe og vel Data → Grupper og disponer → Løys opp gruppe for å fjerne gruppa.