LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan formatera pivottabellceller ved å bruka bestemte cellestilar.
Du misser direkte formatering av pivottabellceller ved oppdatering eller redigering av tabellen.
Når du lagar ein pivottabell, vert det lagt til seks nye cellestilar i dokumentet. Formater kvar cellestil om nødvendig. Eventuell tilpassing av cellestilane ver bevart når du oppdaterer pivottabellen.
Ved å bruka cellestilar for formatering av pivottabellar, vil alle pivottabellceller i reknearket ha same utsjånad. Cellestilane for pivottabellane gjeld med andre ord for alle pivottabellar i dokumentet.
Dei seks cellestilane er:
Pivottabellkategoriar
Pivottabellhjørne
Pivottabellfelt
Pivottabellresultat
Pivottabellverdi
Pivottabelltittel
Talformatet til desse cellestilane kan ikkje endrast i cellestilen. Talformatet må endrast i datakjelda.