Redigera pivottabellar

Trykk på ein av knappane i pivottabellen og hald nede museknappen. Det vil då kome fram eit spesielt symbol ved musepeikaren.

Ved å dra knappen til ein annan stad i den same rada kan du endra rekkjefølgja på kolonnane. Viss du dreg ein knapp til den venstre kanten av tabellen inn i radoverskriftsområdet, kan du gjera ein kolonne om til ei rad.

I dialogvindauget for pivottabellen kan du dra ein knapp til området Filter for å laga ein knapp og ein listeboks øvst i pivottabellen. Listeboksen kan verta brukt til å filtrera pivottabellen etter innhaldet i det valde elementet. Du kan også bruka dra og slepp inne i pivottabellen for å bruka eit anna sidefelt som filter.

For å fjerna ein knapp frå tabellen, drar du han ganske enkelt ut av pivottabellen. Slepp museknappen når musemarkøren innføre arket viser eit «forbodsskilt». Knappen er då sletta.

Klikk på ei celle inne i pivottabellen og opna sprettoppmenyen for å redigera tabellen. I denne menyen finn du innslaget Eigenskapar som viser dialogvindauget Utforming pivottabell for den gjeldande tabellen.

I pivottabellen kan du bruka dra og slepp eller klipp ut/lim inn for å endra rekkjefølgja av datafelta.

I pivottabellane kan du tilpassa visingsnamna for felt, feltmedlemmar, delsummar (med nokre avgrensingar) og totalsummar. Du gjer dette ved å overskriva det opphavlege namnet med eit nytt namn.

Opna fil med eksempel:

Støtt oss!