LibreOffice 24.2 Hjelp
Plasser markøren i eit celleområde som inneheld verdiar og rad- og kolonne-overskrifter.
Vel Set inn → Pivottabell. Dialogvindauget Vel kjelde kjem då opp. Vel Merkt område og bekreft med OK. Tabelloverskriftene vert viste som knappar i dialogvindauget Pivottabell. Dra desse knappane inn i dei ønskte utformingsområda «Sidefelt», «Kolonnefelt», «Radfelt» og «Datafelt».
Dra knappane inn i eitt av dei fire områda.
Dra ein knapp inn i området Filter for å laga ein knapp og ein listeboks øvst i den genererte pivottabellen. Listeboksen kan brukast for å filtrera pivottabellen med innhaldet i det valde elementet. Du kan dra og sleppe innanfor den genererte pivottabellen for å bruka eit anna sidefelt som filter.
Dersom knappen vert sloppe i området Datafelt vert namnet på knappen bytt ut med formelen som vert brukt for å rekna ut dataa.
Ved å dobbeltklikke på eit av felta i området Datafelt kan du opna dialogvindauget Datafelt.
Bruk dialogvindauget CmdCtrl-tasten medan du klikkar i den ønskte utrekninga.
for å velja utrekningane som skal brukast for dataa. For å laga fleire markeringar, hald nedeDu kan endra rekkjefølgja på knappane når som helst ved å flytta dei med datamusa.
Fjern ein knapp ved å dra den tilbake til området med dei andre knappane til høgre i vindauget.
For å opna dialogvindauget Datafelt, dobbeltklikkar du på ein av knappane i områda Radfelt eller Kolonnefelt. Bruk dialogvindauget til å velja om og i kva omfang LibreOffice skal rekna ut dei viste mellomresultata.
Lukk dialogvindauget for pivottabellen ved å trykka OK. Det vert nå sett inn ein Filter-knapp, eller ein sideknapp for kvart datafelt du har lagt i området Filter. Pivottabellen vert sett inn lenger nede.