Definera eit databaseområde
Du kan definera at eit celleområde i reknearket skal brukast som ein database. Kvar rad i området svarar til ein databasepost og kvar celle i ei rad svarar til eit databasefelt. Du kan sortera, gruppere, søkje og gjera utrekningar på området på same måte som i ein database.
Du kan berre endra og har berre tilgang til eit databaseområde i det reknearket som inneheld området. Du har ikkje tilgang til databaseområdet i LibreOffice Datakjelder.
Å lage eit databaseområde
-
Merk dei cellene du vil bruka som eit databaseområde.
-
Vel
. -
Skriv inn eit namn på databaseområdet i skrivefeltet Namn.
-
Trykk på Meir.
-
Vel innstillingane for databaseområdet.
-
Trykk OK.