LibreOffice 25.2 Hjelp
I LibreOffice Calc kan du bruka valutaformat på alle tal. Når du trykkjer på knappen på menylinja vert den merkte cella formatert ut frå innstillingane sette i .
Utveksling av LibreOffice Calc-dokument kan føra til misforståinga dersom LibreOffice Calc-dokumentet vert opna med eit anna standardformat for valuta.
I LibreOffice Calc kan du bestemma at eit tal du har formatert som «kr 1 234,50» skal vera kroner i eit anna land og ikkje verta endra til for eksempel dollar.
Du kan endra valutaformatet i dialogvindauget
(vel fana ) med innstillingar for to land. I nedtrekksmenyen for vel du innstillingane for desimal- og tusenskilje. I lista kan du velja valutasymbol og plasseringa av det.Dersom språkinnstillinga er set til «Standard» og du arbeider på ein tysk maskin så vil valutaformatet vere «1.234,00 €». Altså med punktum (.) som tusenskilje og komma (,) som desimalskilje. Dersom du vel det underordna valutaformatet «$ English (US)» frå nedtrekksboksen
vert formatet «$ 1.234,00». Som du ser, er seperatorane dei same, men valutasymbolet er forandra. Berre valutasymbolet vert endra, ikkje seperatorane.Dersom du konverterer cellene til «engelsk (US)» under
, vert det engelske språket for lokale innstillingar også overførte og standardvalutaformatet er nå «$ 1,234.00».