LibreOffice 24.8 Hjelp
Kommadelte verdiar (Comma Separated Values – CSV) er eit filformat for tekstfiler som inneheld celleinnhaldet i eit enkelt rekneark. Komma, semikolon eller andre teikn vert brukte som skiljeteikn for å skilje celler. Tekststrengar vert sette i hermeteikn, tal vert skrive utan hermeteikn.
Vel Fil → Opna.
Vel formatet «Tekst CSV» i feltet Filtype. Merk fila og klikk Opna. Når ei fil har filendinga .csv vert filtypen kjent igjen automatisk.
Du vil sjå dialogvindauget
. Klikk på .Dersom CSV-fila inneheld formlar, men vil du importera resultata av formlane, må du velja LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar - LibreOffice Calc → Vis og fjerna markeringa i feltet Formlar.
Vel arket som skal lagrast som ei CSV-fil.
Dersom du vil eksportera formlar som formlar, for eksempel «=SUMMER(A1:B5)», gjer du slik:
Vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Calc → Vis.
Kryss av for Formlar i området Vis. Trykk på OK.
Dersom du vil eksportera resultatet av utrekningane i staden for formlane, må Formlar vera slått av.
Vel Fil → Lagra som. Dialogvindauget Lagra som vert opna.
Vel formatet «Tekst CSV» i feltet
.Skriv inn eit filnamn og vel Lagra.
Dialogvindauget Eksporter tekstfil er nå synleg. Her vel du teiknsett og felt- og tekstgrenser (skiljeteikna) for dei dataa som skal eksporterast. Avslutt med OK.
Etter at du har lagra kan du om ønskjeleg avmarkera avkrysingsfeltet Formlar for å sjå utrekningane av tabellen igjen.