Opna og lagra kommadelte tekstfiler (CSV-filer)

CSV («Comma Separated Values») er eit tekstfilformat som vert brukt til å utveksla data frå ein database eller eit rekneark mellom ulike program. Kvar linje i ei CSV tekst-fil representerer ein post i databasen eller ei rad i reknearket. Kvart felt i ein databasepost eller celle i ei rad i eit rekneark vert til vanleg skild med eit komma. Men det er ingenting i vegen for å bruka andre teikn for å avgrensa eit felt, for eksempel tabulatorteiknet.

Dersom eit felt eller ei celle inneheld komma, feltet eller cella vere omslutta med enkle (') eller doble (") hermeteikn.

Å opna kommaskilde tekstfiler (CSV) i Calc

  1. Vel Fil → Opna.

  2. Finn CSV-fila du vil opna.

    Viss fila har filetternamnet .csv, vel den fila.

    Dersom CSV-fila har eit anna filetternamn, merkjer du fila og vel deretter «Tekst CSV» i feltet Filter.

  3. Trykk på Opna.

    Dialogvindauget Tekstimport vert opna.

  4. Set innstillingane for å dela teksten i fila inn i kolonnar.

    Du kan førehandsvise layouten for importerte data lengst nede i dialogvindauget Tekstimport.

    Trykk med høgre museknapp i ein kolonne i førehandsvisinga for å setja formatet eller gøyma kolonnen.

    Tipsikon

    Merk av det tekstskiljeteiknfeltet som passar det teiknet som er brukt som tekstskiljeteikn i fila. Dersom teiknet ikkje finst i lista, må du skrive det inn i innskrivingsfeltet.


  5. Trykk på OK.

Lagra rekneark som kommadelte tekstfiler (CSV)

note

Når du eksporterer eit rekneark i CSV-format, vert berre dataa i det valde arket lagra. All annan informasjon, inklusive formlar og formateringar, forsvinn.


  1. Opna reknearket du vil lagra som ei kommadelt tekstfil.

    Merknadsikon

    Berre det gjeldande arket kan verta eksportert.


  2. Vel Fil → Lagra som.

  3. Skriv inn eit namn for fila i feltet Filnamn.

  4. I feltet Filter vel du «Tekst CSV».

  5. Det er valfritt å også leggja inn feltinnstillingar for tekst CSV-fila.

    Vel Rediger filterinnstillingane.

    Marker dei innstillingane du ønskjer å bruka i dialogvindauget Teksteksport.

    Trykk på OK.

  6. Trykk på Lagra.

Støtt oss!