LibreOffice 24.8 Hjelp
Når du slår saman data, vert innhaldet i celler frå fleire ark slått saman på ein stad.
Opna dokumentet som inneheld celleområda som skal slåast saman.
Vel Slå saman.
for å opna dialogvindaugetVel eit kjededataområde som skal slåast saman med andre område frå listeboksen Kjeldedataområde.
Dersom området ikkje har eit namn, trykk i feltet ved sida av Kjeldedataområdet. Det kjem fram ein blinkande tekstmarkør. Skriv inn ein referanse til det første kjeldedataområdet eller marker området med datamusa.
Trykk på Legg til for å setja det markerte området inn i feltet Område for samanslåing.
Marker fleire område og trykk på Legg til etter kvar markering.
Du vel kvar du vil vise resultatet ved å velja eit målområde i boksen Kopier resultatet til.
Dersom området ikkje har eit namn, trykk i feltet ved sida av Kopier resultatet til. Det kjem fram ein blinkande tekstmarkør. Du kan då anten skrive inn ein referanse til målområdet, markera området med datamusa eller setja markøren i den øvre, venstre cella i målområdet.
Vel ein funksjon frå Funksjon-feltet. Funksjonen spesifiserer korleis verdiane for konsolideringsområda skal lenkast. Funksjonen «Sum» er standardinnstillinga.
Trykk på OK for å slå saman områda.
Trykk på Meir i dialogvindauget Slå saman for å vise fleire val:
Vel Lenkje til kjeldedata for å setja inn formlane som genererer resultata i målområdet i staden for resultata. Dersom du lenkjer saman dataa, vert alle endringar i kjeldeområdet også endra i det tilhøyrande målområdet.
Dei tilhøyrande kjeldereferansane i målområdet vert set inn i rader som vert ordna automatisk og deretter gøymde. Berre resultatet, basert på den valde funksjonen, vert vist.
Under Slå saman vel du anten Radoverskrifter eller Kolonneoverskrifter dersom cellene i kjeldedataområdet ikkje skal slåast saman etter den tilsvarande posisjonen til cella i området, men i staden til ei passande rad- eller kolonneoverskrift.
Dersom du slår saman data etter overskrifter, må overskriftene vere med i det markerte området.
Teksten i overskriftene må vera like slik at programmet kan finna radene eller kolonnane. Dersom rad- eller kolonneoverskrifta ikkje høver til nokon som finst i målområdet, vert ho lagt til som ei ny rad eller ein ny kolonne.
Dataa i kjelde- og målområda vert lagra når du lagrar dokumentet. Dersom du seinare opnar dokumentet der samanføyinga vart definert, er dataa tilgjengelege igjen.