Utheva negative tal

Du kan formatera celler med eit talformat som uthevar negative tal i raudt. Du kan også definera ditt eige talformat som uthevar negative tal i andre fargar.

  1. Marker cellene og vel Format → Celler.

  2. Vel eit talformat i fana Tal og marker i feltet Raude negative tal. Trykk på OK.

Talformatet for cella vert definert i to delar. Formatet for positive tal og null vert definert framføre semikolonet. Formatet for negative tal vert definert etter semikolonet. Du kan endra koden (RAUD) i Formatkode. I staden for RAUD kan du skriva inn GUL. Dersom den nye koden dukkar opp i lista etter at du har klikka Legg til, er dette eit gyldig element.

Støtt oss!