Tildela format med formlar

Funksjonen STIL() kan leggjast til ein formel som finst frå før i ei celle. For eksempel saman med funksjonen GJELDANDE kan du fargeleggja ei celle avhengig av verdien i cella. Formelen «=…+STIL(VISS(GJELDANDE()>3;"Raud";"Grøn"))» vil setja cellestilen «Raud» dersom verdien av cella er over 3, elles vert cellestilen «Grøn» brukt.

Dersom du ønskjer å bruka ein bestemt formel i alle cellene i eit markert område, kan du bruka dialogvindauget Søk og byt ut.

  1. Marker dei ønskte cellene.

  2. Vel menykommandoen Rediger → Søk og byt ut.

  3. Skriv inn * i feltet Søk etter.

    «.*» er eit regulært uttrykk som peikar ut innhaldet i den gjeldande cella.

  4. Skriv inn denne formelen i feltet Bytt ut med: =&+STIL(VISS(GJELDANDE()>3;"Raud";"Grøn"))

    Symbolet «&» peiker ut det gjeldande innhaldet i feltet Søk etter. Sidan dette er ein formel, må linja byrje med eit likskapsteikn. Det er ein føresetnad at cellestilane «Raud» og «Grøn» finst frå før.

  5. Merk feltaRegulært uttrykk og Berre gjeldande utval. Klikk på Finn alle.

    Alle cellene med innhald i det valde området vert nå utheva.

  6. Trykk på Byt ut alle.

Støtt oss!