Referera til andre ark

I ei arkcelle kan du vise referansar til celler i andre ark.

Du kan også referera til celler i andre dokument på same måte dersom dokumentet tidlegare er lagra som ei fil.

Slik refererer du ti ei celle i det same dokumentet

  1. Opna eit nytt, tomt rekneark. Som standard har dette berre eitt ark med namnet Ark1. Legg til eit nytt ark ved å trykkja på knappen + til venstre for arkfana nedst på sida. Det får som standard namnet Ark2.

  2. Skriv for eksempel inn denne formelen i cella A1 i Tabell1:

    =Ark2.A1

  3. Klikk på fana Ark2 nedst i reknearket. Set markøren i celle A1 på dette arket og skriv inn ein tekst eller eit tal.

  4. Om du nå går tilbake til ark 1, vil du sjå det same innhaldet i celle A1 på dette arket også. Dersom innhaldet i celle Ark2.A1 vert endra, vil innhaldet i Ark1.A1 endra seg tilsvarande.

tip

Når du refererer til eit ark der namnet inneheld mellomrom, må du bruka enkle hermeteikn rundt namnet. 'Ark med mellomrom i namnet'.A1


tip

Eksempelet brukar Calc sin formelsyntaks. Det er også mogleg å bruka Excel A1 eller R1C1 formelsyntaks. Dette er sett opp op Formelalternativ .


Å referera til ei celle i eit anna dokument

  1. Vel Fil → Opna for å hente inn eit eksisterande rekneark.

  2. Vel Fil → Ny(tt) for å opna eit nytt rekneark. Set markøren i den cella der du vil setja inn dei eksterne dataa og skriv inn likskapsteiknet som viser at du vil skriva inn ein formel.

  3. Bytt til dokumentet du nettopp lasta inn. Trykk på cella med data som du vil setja inn i det nye dokumentet.

  4. Bytt tilbake til det nye reknearket. I innskrivingsfeltet kan du nå sjå at LibreOffice Calc har lagt til referansen i formelen for deg.

    Referansen til ei celle i eit anna dokument inneheld det fullstendige namnet på det andre dokumentet mellom enkle hermeteiknn ('), deretter hashteiknet # og så namnet på arket til det andre dokumentet, etterfølgd av eit punktum og namnet på eller referansen til cella.

    For eksempel, .

    note

    Stien og dokumentnamnet URI må alltid vera omslutta av enkle hermeteikn. Viss det er enkle hermeteikn i namnet, må du setja inn to enkle hermeteikn ('') i staden for det eine (escaping). Arknamn kan ikkje setjast i hermeteikn viss det ikkje inneheld eit mellomrom eller eit teikn som er ein operator, eller at namnet er eit tal, for eksempel så må '123' setjast i hermeteikn.


  5. Bekreft formelen ved å trykkja på den grøne haken.

  6. Viss du drar boksen i nedre høgre hjørne av den aktive cella for å merkja et område med celler, set LibreOffice automatisk dei tilsvarande referansane i dei tilstøytande cellene. Arknamnet får teiknet «$» framføre seg for å visa at det nå er ein absolutt referanse .

Viss du ser på namnet til det andre dokumentet i formelen, kan du sjå at det er skrive som ei adresse (URL). Det betyr at du også kan skriva inn ei internettadresse.

Støtt oss!