Referera til celler ved å dra og sleppe

Ved hjelp av dokumentstruktur kan du laga referansar frå celler i eitt ark til eit anna ark i det same reknearket eller i eit anna rekneark. Cellene kan setjast inn som ein kopi, ei lenkje eller ei hyperlenkje. Området som skal setjast inn må vere definert med namn i den opphavlege fila slik at det kan setjast inn i målfila.

  1. Opna dokumentet som inneheld kjeldecellene.

  2. For å gjera kjeldeområdet til dette området, markerer du cellene og vel Ark → Set inn namngjevne område og uttrykk → Skriv inn. Lagra dokumentet, men ikkje lukk det.

  3. Opna arket som du vil setja noko inn i.

  4. Opna dokumentstrukturen. Vel kjeldefil i boksen nedst i dialogvindauget.

  5. I dokumentstrukturen vert kjeldeområdet vist i «Områdenamn».

  6. Trykk på knappen Dra-modus i dialogvindauget for dokumentstrukturen og vel om referansen skal vere ei hyperlenke, ei lenke eller ein kopi.

  7. Trykk på namnet i «Områdenamn» i dokumentstrukturen og dra det inn i cella der du vil setja inn referansen.

Du kan også bruka denne metoden for å setja inn eit område frå eit anna ark i det same dokumentet som det gjeldande arket. Vel det aktive dokumentet som kjelde i steg 4 ovanfor.

Støtt oss!