Kopiera berre synlege celler

Tenk deg at du har gøymd nokre rader i eit celleområde og vil kopiera, sletta eller formatera berre dei synlege cellene.

Korleis LibreOffice handsamar cellene er avhengig av om cellene vart gjort usynlege av eit filter eller manuelt.

Framgangsmåte

Resultat

Cellene vart filtrerte av eit autofilter, standardfilter eller avansert filter.

Kopier, slett, flytt eller formater eit utval av synlege celler.

Berre dei synlege cellene i utvalet vert kopierte, sletta, flytta eller formaterte.

Cellene vart gøymde ved å bruka kommandoen Gøym i lokalmenyen for rad- eller kolonneoverskrifta eller gjennom ei utheving.

Kopier, slett, flytt eller formater eit utval av synlege celler.

Som standard vert alle cellene i utvalet, inkludert dei gøymde cellene, kopiert, sletta, flytt eller formatert. Avgrens utvalet til synlege rader ved å velja Rediger → Vel → Vel berre synlege rader eller til synlege kolonnar ved å velja Rediger → Vel → Vel berre synlege kolonnar.


Støtt oss!