LibreOffice 7.6 Hjelp
I Calc kan du forenkla innskrivinga av data og verdiar i fleire celler. Ved å endra nokre verdiar, kan du få det slik du helst vil ha det.
Det er to funksjonar som kan vere til hjelp når du skriv inn data i eit celleområde.
I rada under ei overskriftsrad kan du gå frå ei celle til den neste med Tabulator-tasten. Etter at du har skrive inn ein verdi i den siste cella i ei rad, trykkjer du på Enter. Calc flytter markøren nedanfor den første cella i området du arbeider i.
Trykk på Tab i rad 3 for å gå frå celle B3 til C3, D3 og E3. Trykk så på Enter for å gå til B4.
Vel området der du vil setja inn verdiar. Nå kan du byrja å leggja inn verdiar frå markørposisjonen i det valde området. Trykk på tasten Tab for å gå vidare til neste celle eller Shift + Tab for å gå bakover. På kantane av det merkte området hoppar tabulatortasten innanfor det valde området. Du vil ikkje gå ut av det merkte området.
Vel området frå B3 til E7. Nå kan du skrive inn ein verdi i B3. Trykk tasten Tab for å gå til neste celle i det valde området.
Se Fylle inn data automatisk basert på naboceller.