Rekna ut tidsskilnader

Om du vil rekna ut tidsskilnaden for for eksempel tida mellom kl. 23.30 og 01.10 den same natta, bruker du formelen:

=(B2<A2)+B2-A2

Det seinare klokkeslettet er B2 og det tidlegare er A2. Resultatet av eksempelet er 01.40 eller 1 time og 40 minutt.

I formelen har eit fullt døgn, 24 timar, verdien 1. Ein time har verdien ¹⁄₂₄. Den logiske verdien i parentesen er anten 0 eller 1, altså 0 eller 24 timer. Resultatet av formelen vert automatisk gjeve i tidsformat på grunn av rekkjefølgja av operandane.

Støtt oss!