Fylle inn data automatisk basert på naboceller

Du kan fylle inn celler med data automatisk med kommandoane Autotekst eller Seriar.

Bruka autotekst

Autotekst lager dataseriar automatisk etter eit definert mønster.

  1. På eit ark kan du klikka i ei celle og skriva inn eit tal.

  2. Klikk på ei anna celle og så på cella der du skreiv inn talet.

  3. Dra handtaket nedst i høgre hjørne av cella over alle cellene du vil fylle ut og slepp museknappen.

    Cellene vert fylte med stigande tal.

Tipsikon

Dersom du raskt vil lage ei liste av samanhengande dagar, skriv inn Måndag i ei celle og dra i fyllhandtaket.


Hald nede -tasten dersom du ikkje vil fylle cellene med ulike verdiar.

Merknadsikon

Dersom du markerer to eller fleire nærliggjande celler som inneheld ulike tal, og dreg, så vert dei resterande cellene fylte med det aritmetiske mønsteret som vert funne i tala. Funksjonen autofyll kan også kjenne igjen sjølvvalde lister som er definerte i → LibreOffice Calc → Sorteringslister.


Tipsikon

Du kan dobbeltklikka på fyllhandtaket for å fylla alle tomme kolonnar i den gjeldande datablokka. Dersom du for eksempel skriv inn «jan» i A1 og drar fyllhandtaket ned til A12, vil dette setja inn dei tolv månadane i den første kolonnen. Skriv deretter nokre verdiar i B1 og C1, marker dei to cellene og dobbeltklikk på fyllhandtaket. Datablokka B1:C12 vert nå fylt ut automatisk.


Sjølvvalde seriar

  1. Vel celleområdet du vil fylle ut.

  2. Vel Ark → Fyll celler → Seriar.

  3. Vel parameterane for serien

    Om du vel ein lineær serie, vert aukinga du skriv inn lagt til kvart av dei etterfølgjande tala i serien for å laga neste talverdi.

    Vel du ein serie med vekst, vert talet du skriv inn multiplisert med kvart etterfølgjande tal for å laga neste talverdi.

    Vel du ein serie med dato, vert talet du skriv inn lagt til tidseininga som er spesifisert.

Støtt oss!