Utrekningar med datoar og klokkeslett

I LibreOffice Calc kan du gjere utrekningar med gjeldande dato og klokkeslett. For eksempel kan du finne ut kor gammal du er i sekund eller timar ved å gjere slik:

  1. Skriv inn fødselsdagen din i celle A1 i eit rekneark.

  2. Skriv formelen =NO()-A1 inn i A3.

  3. Etter at du har trykt på Enter-tasten vil du kunne sjå resultatet i datoformat. For å vise skilnaden mellom dei to datoane som dagar, må du formatera A3 som eit tal.

  4. Set markøren i celle A3, høgreklikk for å opna lokalmenyen og vel Formater celler.

  5. Dialogvindauget Formater celler kjem fram. På fana Tal er kategorien «Tal» utheva. Formatet er sett til «Generelt». Dette gjer at eit utrekningsresultat som inneheld datopostar vil verta vist som ein dato. For å visa resultatet som eit tal, set talformatet til «-1,234» og lukk vindauget ved å trykkja på OK.

  6. Talet på dagar frå den spesifiserte datoen og til dagens dato vert vist i celle A3.

  7. Du kan gjerne eksperimentera litt vidare: Skriv inn «=A3*24» i A4 for å rekne ut timar. I A5 skriv du inn «=A4*60» for å finne kor mange minutt og i A6 skriv du inn «=A5*60» for sekund. Trykk Enter-tasten etter kvar innskriving.

Tida sidan du vart født vert nå rekna ut og vist i ulike einingar. Verdiane vert rekna ut frå då du trykte Enter-tasten etter å ha skrive inn den siste formelen. Denne verdien vert ikkje oppdatert kontinuerleg sjølv om «No» vert endra heile tida. I menyen Data er Rekn ut → Autorekning til vanleg slått på, men autorekning gjeld ikkje for funksjonen NO. Dette for at datamaskinen ikkje skal bruka heile tida på å oppdatera reknearket.

Støtt oss!