Sjølvvalde kantlinjer i celler

Du kan bruka fleire ulike linjer i dei markerte cellene.

  1. Marker ei eller fleire celler.

  2. Vel Format → Celler.

  3. Trykk på fana Kantlinjer i dialogvindauget.

  4. Vel kantinnstillingane du ønskjer og trykk på OK.

Vala i Linjeoppstilling gjev deg høve til å velja fleire kantlinjestilar.

Celleutval

Korleis området ser ut er avhengig av kva celler som er markert.

Utval

Linjeoppsett-området

Ei celle

kantlinjer med éi celle markert

Celler i ei kolonne

kantar med ei kolonne markert

Celler i ei rad

kantar med ei rad markert

Celler i eit område på 2×2 eller meir

kantar med ei blokk markert


Merknadsikon

Kan ikkje setja inn kantlinjer på fleir-markeringar.


Standardinnstillingar

Trykk på eitt av standard-ikona for å setja eller nullstilla fleire rammer.

Eksempel

Marker ei blokk på omkring 8 × 8 celler og vel deretter Format → Celler → Kantlinjer.

standard ikonrad på fana Kantlinjer

No kan du halda fram for å sjå kva linjer dei andre ikona vil laga eller fjerna.

Sjølvvalde innstillingar

Du kan trykkja i området Brukardefinert for å leggja til eller fjerna individuelle linjer. Førehandsvisinga viser tre ulike typar linjer.

Trykk fleire gongar på ein kant eller eit hjørne for å skifta mellom dei tre ulike formene.

Linjetypar

Bilete

Tyding

Ei svart linje

heiltrukke linje for brukardefinert kant

Ei svart linje set den tilsvarande linja på dei markerte cellene. Linja vert vist som ei stipla linje når du brukar linjestilen 0,05 pt. Doble linjer vert viste når du brukar ein dobbel linjestil.

Ei grå linje

grå linje for brukardefinert kant

Ei grå linje vert vist når den tilsvarande linja på dei markerte cellene ikkje vert endra. Ingen linjer vert laga eller fjerna i slike tilfelle.

Ei kvit linje

kvit linje for brukardefinert kant

Ei kvit linje vert vist når den tilsvarande linja på dei markerte cellene vert fjerna.


Eksempel

Marker éi enkelt celle og vel Format → Celler → Kantar.

Trykk på den nedre kanten for å laga ei svært tynn, nedre kantlinje. Alle andre linjer vert fjerna frå cella.

setja ein tynn, nedre kant

Vel ein tykkare linjestil og trykk på den nedre kanten. Dette lager ei tykkare, nedre kantlinje.

setja ei tykk linje som kantlinje

Klikk på den andre standardknappen frå venstre for å setja alle fire kantane. Klikk deretter så mange gongar på den nedre kanten at det kjem fram ei kvit linje der. Dette vil fjerna den nedste kanten.

fjern nedre kant

Du kan kombinera fleire linjetypar og linjestilar. Det siste biletet viser korleis du kan laga tykke ytre kantlinjer (dei tykke, svarte linjene), medan diagonale linjer inne i cella ikkje vert endra (grå linjer).

Avansert eksempel for cellekantar

Støtt oss!