Bruka automatisk formatering på eit markert celleområde

Du kan bruka autoformatering for raskt å ta i bruk eit format på eit ark eller eit markert celleområde.

Slik brukar du autoformat på eit ark eller eit markert celleområde

  1. Marker cellene, også kolonne- og radoverskriftene, som du vil formatera.

  2. Vel Format → Autoformat stilar.

  3. Vel kva eigenskapar du vil ha med i autoformat.

  4. Trykk OK.

    Formatet vert brukt på det markerte celleområdet.

Merknadsikon

Dersom du ikkje ser noko endring i fargen på celleinnhaldet, vel Vis → Verdimerking.


Slik set du autoformat for rekneark eller område

Du kan definera eit ny autoformat som er tilgjengeleg for alle reknearka og områda.

  1. Formater eit ark eller eit område.

  2. Vel Rediger → Vel Alle eller merk det formaterte området.

  3. VelFormat → Autoformater Stilar.

  4. Klikk på Legg til.

  5. Skriv inn eit namn på formatet i Namn i innskrivingsboksen Legg til autoformat.

  6. Trykk OK.

Støtt oss!