Å bruka autofiltrering

Autofiltrering set inn ein kombinasjonsboks i ein eller fleire datakolonnar slik at du kan velja kva for datapostar (rader) som skal visast.

  1. Vel kolonnane du vil autofiltrera.

  2. Vel Data → Filter → Autofiltrering. Pila for kombinasjonsfeltet er synlege i første rad i det markerte området.

  3. Filtrer dataa ved å trykkja på pila i kolonneoverskrifta og vel eit filter.

    Berre dei radene som innhaldet passer med filterkriteriet vert viste. Andre rader vert filtrerte vekk. Du kan sjå om rader er filtrert på den usamanhengande radnummereringa. Kolonnen som vert brukt av filteret har ein annan farge på pila.

Når du bruker enda eit filter på ein annan kolonne i eit filtrert dataområde, viser dei andre kombinasjonsboksane berre dei filtrerte dataa.

For å visa alle datapostane igjen, kryssar du av for Alt i kombinasjonsboksen for autofilteret. Dersom du vel Standardfilter, kjem dialogvindauget Standardfilter opp slik at du kan setja opp eit standardfilter. Vel du «Topp 10», vert berre dei 10 høgaste verdiane i området viste.

Når du ønskjer å stoppa bruken av autofilteret, fjernar du merket for cellene som vart markerte i steg 1 og vel Data → Filter → Autofilter på nytt.

Tipsikon

Vil du bruka ulike autofilter på ulike ark, må du først velja eit databaseområde for kvart ark.


Åtvaringsikon

Reknefunksjonane reknar også med cellene som er gøymde av eit filter. For eksempel vil summering av ein kolonne også leggja saman verdiane i gøymde celler. Bruk funksjonen DELSUM dersom du vil leggja saman berre synlege celler.


Støtt oss!