LibreOffice 24.8 Hjelp
Som standard rettar LibreOffice automatisk opp mange vanlege skrivefeil og set til formatering medan du skriv. Når det skjer, kan du gjera om automatiske endringar med CmdCtrl + Z.
Nedanfor vert det forklart korleis du kan slå av og på automatiske endringar i LibreOffice Calc:
Når du fyller inn celler, føreslår LibreOffice Calc automatisk liknande innhald frå same kolonne. Denne funksjonen vert kalla autoinntasting.
For å slå autoinntasting av og på, set eller fjernar du merket framføre Verktøy → Autoinntasting.
LibreOffice Calc konverterer automatisk bestemte innskrivingar til dato. For eksempel kan 1.1 tolkast til å vera 1. januar i det gjeldande året ut frå dei lokale innstillingane i operativsystemet. Innskrivinga vert i så tilfelle vist i det valde datoformatet for cella.
Skriv inn ein apostrof (') først i teksten dersom du vil vera sikker på at det du skriv inn vert tolka som tekst. Apostrofen vert ikkje vist i cella.
Vel Verktøy → Autoretting → Innstillingar for autoretting. Gå til fana Lokaliserte val og fjern merkinga for Erstatt.
Vel
. Gå til fana og fjern markeringa for .Vel
. Gå til fana . Merk ordparet og trykk på .