Kjenna igjen namn som adresser

Du kan bruka celler med tekst for å referera til radene eller kolonnane som inneheld cella.

Eksempelrekneark

I eksempelet kan du bruka tekststrengen 'Kolonne ein' i ein formel for å referera til celleområdet B3 til B5 eller 'Kolonne to' for celleområdet C2 til C5. Du kan også bruka 'Rad ein' for celleområdet B3 til D3 eller 'Rad to' for celleområdet B4 til D4. Eit eksempel på ein formel som brukar eit cellenamn er SUMMER('Kolonne ein') som gjev resultatet 600.

Å finna etikettar automatisk er ein eldre funksjon som er slått av som standard sidan han kan produsera ikkje-deterministisk oppførsel avhengig av faktisk dokumentinhald. For å slå på denne funksjonen, vel → LibreOffice Calc → Rekna ut og merk av for Finn kolonne- og radoverskrifter automatisk.

Det er alltid mogleg å bruka definerte etikettar. Dei oppfører seg likt, men på ein definert måte.

Tipsikon

Viss du skriv inn eit etikettnamn sjølv i formelen, set du namnet i enkle hermeteikn ('). Viss det er eit enkelt hermeteikn (apostrof) i eit namn, må du dobla det, for eksempel 'Harry''s Bar'.


Definer etikettområdet

Opnar eit dialogvindauge der du kan definera eit etikettområde.

Støtt oss!