Handsaming av tomme celler

I eldre programversjonar vart tomme celleverdiar oppfatta som talet 0 i nokre samanhengar og som ein tom streng i andre samanhengar unnateke i direkte samanlikningar der =A1=0 og =A1="" begge resulterte i SANN dersom A1 er tom. No vert den tomme cella handsama som ei tom celle til ho vert brukt. Både FINN.RAD(…)=0 og FINN.RAD(…)="" gjev såleis SANN dersom oppslaget resulterer i ei tom celle.

Ein enkel referanse til ei tom celle vert framleis vist som talet 0, men er ikkje nødvendigvis numerisk. Samanlikningar med den refererte cella fungerer difor som venta.

For det følgjande eksempelet. A1 inneheld eit tal, B1 er tom, C1 inneheld referanse til B1.

Tilfelle

Formel

Resultat og merknadar

A1: 1
B1: <Empty>

C1: =B1

Viser 0

=B1=0

SANN

=B1=""

SANN

=C1=0

SANN

=C1=""

=C1="" => SANN (var tidlegare USANN)

=ERTAL(B1)

USANN

=ERTAL(C1)

USANN (var tidlegare SANN)

=ERTAL(FINN.RAD(1;A1;C1;2))

USANN(B1)

=ERTAL(FINN.RAD(1;A1;C1;3))

USANN(C1, var tidlegare SANN)

=ERTEKST(B1)

USANN

=ERTEKST(C1)

SANN

=ERTEKST(FINN.RAD(1;A1;C1;2))

USANN(B1, var tidlegare SANN)

=ERTEKST(FINN.RAD(1;A1;C1;3))

USANN (C1)

=ERTOM(B1)

SANN

=ERTOM(C1)

SANN

=ERTOM(FINN.RAD(1;A1:C1;2))

SANN(B1, var tidlegare USANN)

=ERTOM(FINN.RAD(1;A1:C1;3))

USANN (C1)


Merknadsikon

Merk at Microsoft Excel oppfører seg annleis og alltid returnerer eit tal som resultatet av ein referanse til ei tom celle eller til ei formelcelle med resultatet frå ei tom celle. For eksempel:


Tilfelle

Formel

Resultat og merknadar

A1: <tom>

B1: =A1

Viser 0, men er berre ein referanse til ei tom celle.

=ERTAL(A1)

USANN

=ERTEKST(A1)

USANN

=A1=0

SANN

=A1=""

SANN

=ERTAL(B1)

USANN (Micrsoft Excel: SANN)

=ERTEKST(B1)

USANN

=B1=0

SANN

=B1=""

SANN (Microsoft Excel: USANN)

C1: =FINN.RAD(…) med ei tom celle som resultat

viser tom (Microsoft Excel: viser 0)

=ERTAL(FINN.RAD(...))

USANN

=ERTEKST(FINN.RAD(…))

USANN

=ERTAL(C1)

USANN (Micrsoft Excel: SANN)

=ERTEKST(C1)

USANN


Støtt oss!