Vel funksjon

Set inn ein celleområdefunksjon i den gjeldande cella. Klikk i ei celle, klikk på ikonet, vel funksjonen i nedtrekkslista og eventuelt juster celleområdet.

Du kan eventuelt også merkja nokre celler som funksjonsverdien vert sett inn i og så klikka på ikonet. Funksjonsresultatet vert lagt til nedst i området.

For å bruka denne funksjonen …

Frå verktøylinjer:

Ikon vel funksjon

Vel funksjon


Funksjonar for det merkte området:

Funksjon

Innsett funksjon

Summer

=SUMMER(...)

Gjennomsnitt

=GJENNOMSNITT(...)

Min

=MIN(...)

Maks

=MAKS(...)

Tal på

=TAL.PÅ(...)

TalpåA

=TAL.PÅA(...)

Produkt

=PRODUKT(...)

StdAvvik

=STDAV(...)

StdAvvikP

=STDAVP(...)

Var

=VAR(...)

VarP

=VARP(...)


Vel funksjon som skal brukast utan eit merkt område

Viss reknearket inneheld data, vil LibreOffice automatisk føreslå eit celleområde. Inneheld celleområdet ein funksjon frå før, kan du kombinera denne med den nye for å laga ein funksjon som skal brukast på området. Viss området inneheld filter, vert delsumfunksjonen sett inn i staden for den valde funksjonen.

Klikk på Godta -ikonet for å bruka formelen som vert vist på innskrivingslinja, eller Avbryt .

Ikonet godta

Godta

Ikonet avbrytl

Avbryt

Vel funksjon som skal brukast på eit merkt område

Når det merkte området har to eller fleire rader, vert funksjonen rekna ut for kvar kolonne. Resultata vert sette inn i tomme celler på den første tilgjengelege rada under området, eitt resultat i kvar kolonne.

Når det merkte området har éi rad, vert resultatet av funksjonen sett inn i den første tilgjengelege cella til høgre for det merkte området.

Støtt oss!

Støtt oss!