Forstørrar og forminskar i Calc

Med denne kan du forstørra og forminska visinga på skjermen. Det er fleire måtar å forstørra og forminska på i Calc.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel menyen Vis → Skaler og vel forstørringa i undermenyen.

Frå statuslinja:

Klikk på ikonet pluss (eller minus) på forstørrings-glidebrytaren på statuslinja. Skjermstorleiken vert auka (eller minska) med 10 % for kvart klikk.

Dra på handtaket på forstørringsbrytaren for å setja forstørringa med datamusa.

Frå tastaturet:

Hald nede medan du rullar musehjulet.


Glidebrytaren for forstørring i Calc

note

20 % er minste forstørringsfaktor. 400 % er største.


Forstørring med glidebrytaren

I tillegg til å bruka pluss- og minusmerka, kan du dra brytarhandtaket for å endra forstørringa.

Trykk kvar som helst på glidebrytaren for å endra forstørringa.

note

Midtlinja på glidebrytaren representerer 100 % forstørring.


Få tilgang til forstørring via menyen

Vel Vis → Skaler. Dei førehandsdefinerte alternativa er:

Skaler og vis oppsett

Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.

Støtt oss!