XML-kjelde

Importer XML-data frå vilkårleg strukturert XML-innhald til celler i eit reknearkdokument som finst frå før.

Funksjonen XML-kjelde let deg importeraXML-innhald direkte delvis eller fullstendig, avhengig av strukturen i XML-innhaldet og kartdefinisjonen som brukaren har definert. Brukaren kan spesifisera fleire understrukturar som ikkje overlappar kvarandre som kan leggjast inn i ulike celler i det same reknearket. Brukaren kan importera elementinnhaldet eller eigenskapane eller begge.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Data → XML-kjelde.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Data → XML-kjelde.

Frå verktøylinjer:

Ikon XML-kjelde

XML-kjelde


XML-kjeldedialogvindauge

Dialogvindauget er delt i fire delar:

Kjeldefil

Her kan du setja inn stien til XML-fila som skal importerast i dokumentet.

Tilordna til dokument

Dette feltet viser strukturen til XML-kjelda som eit tre. Feltet er tomt til du legg til kjeldefila.

Kvart element i treet kan vera éin av tre typar:

Eit ikkje-gjentakande element er eit element som vert brukt berre éi gong under det same foreldreelementet. Det vert lagt i ei enkelt celle i dokumentet.

Eit gjentakande element kan brukast fleire gongar under dei same foreldra. Det tener som eit lukka forelder til ei enkel oppføring i ein post med fleire oppføringar. Desse oppføringane vert importerte inn i eit område med høgd lik talet på oppføringar pluss ei overskriftrad.

Tilordna celle

Dette feltet viser kva celle eit element eller attributt er lenkja til. Dersom det er eit ikkje-gjentakande element eller eit attributt, er dette cella verdien vert importert til. Er det eit gjentakande element, viser feltet til den øvre, venstre cella i området der alle postoppføringane plus overskrifta vert viste.

Importer

Trykk knappen «Importer» for å importera fila. Dialogvindauget vert lukka når importeringa er ferdig.

Støtt oss!

Støtt oss!