LibreOffice 24.8 Hjelp
Opnar dialogvindauget for «Tekst til kolonnar» der du skriv inn innstillingar for å fordela innhaldet av dei merkte cellene over fleire celler.
Du kan fordele celler som inneheld kommadelte verdiar (CSV) på fleire celler i den same rada.
Eksempel: celle A1 inneheld dei kommaskilde verdiane 1,2,3,4 og celle A2 inneheld teksten A,B,C,D.
Marker cella eller cellene du vil utvide.
Vel Data → Tekst til kolonnar.
Du ser nå dialogvindauget for tekst til kolonne.
Vel innstillingane for skiljeteikn. Førehandsvisinga viser korleis celleinnhaldet vert transformert til fleire celler.
Du kan velja fast ei breidd og så klikka på linjalen på førehandsvisinga for å plassera celleavgrensinga.
Du kan velja eller skriva inn skiljeteikna for å definera plasseringa for oppdelingspunkta. Skiljeteikna vert fjerna frå celleinnhaldet.
I eksempelet vel du komma som skiljeteikn. Cellene A1 og A2 vert utvida til fire kolonnar kvar. A1 inneheld 1, B1 inneheld 2 og så vidare.