Prøvetaking

Lagar ein tabell med prøvedata henta frå ein annan tabell.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Data → Statistikkar → Prøvetaking


Med prøvetaking kan du velja data frå ein kjelde-tabell (populasjonstabell) for å fylla ein mål-tabell. Prøvetakinga kan vera tilfeldig eller periodisk, samt med eller utan utskifting av prøver i kjeldetabellen.

note

Prøvetakinga vert gjort radvis. Dette betyr at dataa vert henta frå ei heil linje i kjeldetabellen og kopiert til ei heil linje i måltabellen.


Data

Inndataområde: Referansen til dataområdet som skal analyserast.

Resultata til: Referansen til den øvste, venstre cella i området resultatet skal visast i.

Metodar for prøvetaking

Tilfeldig

Hentar nøyaktig prøvestorleik tilfeldige linjer frå kjeldetabellen.

Prøvestorleik

Talet på linjer som er tekne ut frå kjeldetabellen. Prøvestorleiken er avgrensa til storleiken på populasjonen for alle prøvetakingsmetodane utan utbyting.

Med erstatning

Når det er merkt av for dette alternativet, vert alle prøvane lagt tilbake i populasjonen (kjeldetabellen) etter utdraginga. Eit utval kan takast ut meir enn éin gong, og difor kan ein ta ut ein utvalsstorleik som er større enn populasjonen. Denne innstillinga og Hald på rekkjefølgja utelukkar kvarandre. Når det ikkje er merkt av for dette alternativet, vert ein utteken prøve ikkje sett tilbake i populasjonen og prøvestorleiken er avgrensa til storleiken på populasjonen.

Hald på rekkjefølgja

Når denne er merkt, vert prøvane tekne ut i same rekkjefølgje som datarekkjefølgja i populasjonen. Prøver vert ikkje sette tilbake i populasjonen (difor kan ikkje Ned erstatning brukast). Denne innstillinga vert automatisk kontrollert for Periodisk uttaking. Når denne ikkje er merkt, vert prøvane tekne i tilfeldig rekkjefølgje.

Periodisk

Tek ut linjer i steg definerte med Periode.

Periode

Talet på linjer som skal hoppast over med jamne mellomrom ved prøvetaking. Periode er avgrensa til populasjonsstorleiken.

Eksempel

Dataa nedanfor vert brukte som eksempel på kjeldedata for prøvetakinga:

A

B

C

1

11

21

31

2

12

22

32

3

13

23

33

4

14

24

34

5

15

25

35

6

16

26

36

7

17

27

37

8

18

28

38

9

19

29

39


Prøvetaking med ein periode på 2 gjev denne tabellen:

12

22

32

14

24

34

16

26

36

18

28

38


Støtt oss!