Minidiagram

Opnar dialogvindauget for minidiagram der du kan definera eigenskapane for minidiagrammet.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Minidiagram.

Frå sprettoppmenyen:

Vel Minidiagram → Minidiagram.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Minidiagram → Minidiagram i fana Data i menyen Data.


Minidiagram er små datadiagram viste inne i ei celle.

Minidiagram er definerte for éi celle, men fleire minidiagram kan koplast saman i ei gruppe. Gruppa deler dei same eigenskapane for å teikna minidiagramma. Dei unike dataa som er definerte for berre eitt minidiagram er det dataområdet som vert brukt for å teikna eit minidiagram.

Data

Inndataområde: skriv inn celleområdet for dataa. Bruk knappen Forminsk for å merkja dataområdet med datamusa.

Utdataområde: Merk celleområdet minidiagrammet skal setjast inn i. Bruk knappen Forminsk for å velja celleområdet med datamusa.

Eigenskapar

Type: vel minidiagram-type i nedtrekkslista. Vala er:

Linjebreidd: skriv inn linjebreidda eller bruk talboksen.

Vis tomme celler som: vala er tilgjengelege i nedtrekkslista.

Vis gøymde: merk av for å visa alle kolonnane eller stablane i området sjølv når dataa er i gøymde celler. Viss det ikkje er merkt av for denne, vert dataa i gøymde celler ikkje viste.

Høgre-til-venstre: merk av for denne for å vise dataa i omvendt rekkjefølgje.

Fargar

Seriar: vel hovudfargen for minidiagrammet

Negative punkt: vel og merk av fargen for negative punkt.

Høge punkt: vel og merk av fargen for høge punkt.

Låge punkt: vel og merk av fargen for låge punkt.

Merking: vel og merk av fargen for datapukt (berre for linje).

Første punkt: vel og merk av fargen for første punkt.

Siste punkt: vel og merk av fargen for siste punkt.

Aksar

Vis X-aksen: merk av for å visa x-aksen i minidiagrammet.

Loddrett minimum, Loddrett maksimum: merk av for å setja minste og høgste verdi for y-aksen. Vel ein av desse:

Developer blog post on sparklines. (Sparkline = minidiagram).

Støtt oss!