Innstillingar for problemløysaren

Bruk dialogvindauget for innstillingar for problemløysaren for å setja opp problemløysarmotoren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Problemløysar og trykk på knappen Innstillingar.


Klikk OK for å godkjenne endringane og gå tilbake til dialogvindauget Problemløysar.

Problemløysarmotoren

Vel ein problemløysarmotor. Listeboksen er slått av dersom berre éin problemløysarmotor er installert.

note

Dersom dei er tilgjengelege, kan du installera fleire problemløysarmotorar. Opna Verktøy → Utvidingar og leit deg fram til nettsida for utvidingar.


Innstillingar

Set opp den gjeldande problemløysaren. Merk av i dialogvindauget for alle dei innstillingane du ønskjer å bruka i den gjeldande operasjonen. Viss det gjeldande valet inneheld ulike verdiar, er reigeringsknappen slått på. Trykk på Rediger for å opna eit dialogvindauge der du kan endra verdiane.

Rediger

Viss du har lov til å redigera ein verdi i listeboksen for dei gjeldande innstillingane, kan du trykkja på redigeringsknappen. Det kjem då opp eit dialogvindauge der du kan endra verdiane.

Talboksen i innstillingane

Skriv inn eller endra verdien for den valde innstillinga.

Støtt oss!