LibreOffice 24.8 Hjelp
Opnar dialogvindauget for å dela dokument der du kan slå deling av dokumentet på eller av.
Deling av rekneark gjer det mogleg for fleire brukarar å opna det same reknearket samstundes.
Reknearket må vera på ei felles lagringseining, ein felles tenar, ei heimeside eller liknande. Det kan henda det er nokre tilgangsrettar som må oppfyllast i høve til operativsystemet.
Den delte fila må liggja på ein stad som er tilgjengeleg for alle samarbeidspartnarane.
Filrettane for både dokumentet og den tilsvarande låsefila må vera sett slik at alle samarbeidspartnarane kan laga, sletta og endra filene.
For å kunna identifisera endringane rett, må kvar samarbeidspartnar skriva inn namnet sitt i
på menylinja.