Lim inn utval (Calc)

Set inn innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit valfritt format.

note

Dette dialogvindauget kjem opp i Calc viss utklippstavla inneheld reknearkceller. For anna innhald i utklippstavla kjem dialogvindauget standard Lim inn utval opp.


For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Rediger → Lim inn utval → Lim inn utval.

Frå brukargrensesnittet med faner:

Langt klikk på Heim → Lim inn.

Frå verktøylinjer:

Ikon Lim inn utval

Lim inn utval

Ikon Lim inn

Lim inn (langt klikk)

Frå tastaturet:

+ Shift + V.


Førehandsinnstillingar

Vel ei av førehandsinnstillingane for raskt å lasta inn vanlege innstillingar for «Lim inn utval».

Berre verdiar

Set berre inn celleinnhald som tekst, tal og datoar.

Verdiar og format

Limar inn celleinnhald og format brukt på celler.

Berre format

Limar berre inn format brukt på celler.

Transponer alt

Limar inn alt celleinnhald saman med transponerte plasseringar.

Køyr no

Merk av for dette valet for å lasta inn førehandsinnstillinga og straks ta ho i bruk. Når denne ikkje er merkt, vert berre dei tilsvarande innstillingane i dialogvindauget lasta inn når du vel ei førehandsinnstilling. Ingenting vert limt inn.

tip

Fjern merkinga for Køyr umiddelbart for å lasta inn innstillingane frå førehandsinnstillinga og endra innstillingane i dialogvindauget for «Lim inn utval» før dei vert brukte ved å trykkja OK.


Merking

Vel eit format for innhaldet i utklippstavla som du vil lima inn.

Lim inn alt

Limer celleinnhaldet, merknadar, format og objekt inn i det gjeldande dokumentet.

Tekst

Set inn celler som inneheld tekst.

Tal

Set inn celler som inneheld tal.

Dato og klokkeslett

Set inn celler som inneheld verdiar for dato og klokkeslett.

Formlar

Set inn celler som inneheld formlar.

Merknadar

Set inn merknadar som er knytte til celler.

Format

Set inn innstillingane for celleformatet.

Objekt

Set inn objekt som finst i det merkte celleområdet. Dette kan vera OLE-objekt, diagram-objekt eller tekne-objekt.

Innstillingar

Set innstillingane for innliming av innhald frå utklippstavla.

Som lenkje

Set inn celleområdet som ei lenkje, slik at endringar som vert gjort i celler i kjeldefila vert oppdatert i målfila. Om du vil sikra at endringar som er gjort i tomme celler i kjeldefila vert oppdatert i målfila så sjå etter at òg «Set inn alt» er merkt.

Du kan òg lenkja ark innanfor det same reknearket. Når du lenkjer til andre filer, vert det automatisk laga ei DDE-lenkjek. Ei DDE-lenkje vert sett inn som ein matriseformel som må redigerast som éi eining.

Transponer

Rader i utvalet som er kopierte til utklippstavla, vert limte inn slik at dei vert kolonnar i det valde området. Kolonnar i utvalet som er kopierte til utklippstavla, vert omgjorde til rader og limte inn.

Hopp over tomme celler

Tomme celler frå utklippstavla vil ikkje erstatta målcellene. Viss du brukar dette valet saman med «multiplikasjon-» eller «divisjon-»funksjonen, vert ikkje desse utførte på tomme celler frå utklippstavla.

note

Viss du vel ein rekneoperasjon og ikkje vel innstillinga Hopp over tomme celler, vert tomme celler i utklippstavla handsama som nullar. Viss du for eksempel brukar operasjonen Gonga, vert målcellene fylte med nullar der det er tomme celler i området frå utklippstavla.


Operasjonar

Vel kva operasjon som skal brukast når du limer celler inn i reknearket.

Ingen

Legg ikkje til ei handling når du limar inn celleområdet frå utklippstavla. Innhaldet i utklippstavla vil erstatta innhaldet i cellene.

Legg til

Legg verdiane i utklippstavla til verdiane i målcellene. Viss utklippstavla inneheld berre merknadar, vert desse lagt til i målcellene.

Subtraher

Trekkjer verdiane i cellene i utklippstavla frå verdiane i målcellene.

Multipliser

Multipliserer verdiane i cellene i utklippstavla med verdiane i målcellene.

Divider

Dividerer verdiane i målcellene med verdiane i cellene i utyklippstavla.

Flytt celler

Set innstillingane for flytting av målcellene når innhald frå utklippstavla vert sett inn.

Ikkje flytt

Innsette celler skriv over målcellene.

Nedover

Målcellene vert flytte nedover når det vert sett inn celler frå utklippstavla.

Høgre

Målcellene vert flytte mot høgre når det vert sett inn celler frå utklippstavla.

Støtt oss!