ÅRDEL

Resultatet er talet på år (medrekna delar av år) mellom Startdato og Sluttdato.

note

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

ÅRDEL(Startdato; Sluttdato[;Basis])

Startdato og Sluttdato er to datoverdiar.

Basis (valfri) vert vald frå ei liste over moglege val og bestemmer korleis året skal reknast ut.

Basis

Utrekning

0 eller manglande

US-metode (NASD), 12 månadar à 30 dagar

1

Eksakt tal på dagar i månadar, eksakt tal på dagar i år

2

Eksakt tal på dagar i månad, år har 360 dagar

3

Eksakt tal på dagar i månaden, år har 365 dagar

4

Europeisk metode, 12 månadar á 30 dagar


note

Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.


tip

Det er mogleg å laga eintydige omformingar for dato og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn i ISO 8601. Viss feilen #VERDI! kjem opp, fjernar du merkinga for Lag #VERDI!-feil i → LibreOffice Calc → Formel, knappen Detaljar … i området «Detaljerte innstillingar for utrekning» i listeboksen Omform frå tekst til tal.


Eksempel

Kor stor del av året 2008 ligg mellom 1.1.2008 og 1.7.2008?

=ÅRDEL("2008-01-01"; "2008-07-01";0) returnerer 0,50.

Støtt oss!