Søkjemodus: (valfri) spesifiserer søkjemodusen som skal brukast.
1: returnerer den første førekomsten frå det første elementet i Søkjematrisa (standard).
-1: omvend søk. Returnerer den første førekomsten frå det siste elementet i Søkjematrisa.
2: binært søk som er avhengig av at Matrise er sortert i stigande rekkjefølgje. Viss ikkje sortert, vert det returnert ugyldige resultat.
-2: binært søk som er avhengig av at Matrise er sortert i synkande rekkjefølgje. Viss ikkje sortert, vert det returnert ugyldige resultat.
Verdiane 2 og 3 i Treffmodus kan ikkje kombinerast med binært søk (Søkjemodus verdi 2 eller -2).
Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.
Eksempel
Gå ut frå at me har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».
A
B
C
D
...
DO
1
Element
Hydrogen
Helium
Lithium
...
Oganesson
2
Symbol
H
He
Li
...
Og
3
Atomnummer
1
2
3
...
118
4
Relativ atommasse
1.008
4.0026
6.94
...
294
=XSAMSVAR("Atomnummer",A1:A4) returnerer 3, den tredje linja i A1:A4-matrisa.
=XSAMSVAR("Li",A2:DO2) returnerer 4, den fjerde kolonnen i A2:DO2-matrisa.
Teknisk informasjon
Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 24.8.
Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er