XSLÅ.OPP

Søkjer etter ein verdi i ei matrise og returnerer referansen til ei celle eller eit celleområde.

Funksjonen XSLÅ.OPP er ein nyare og fleksibel erstatning for eldre funksjonar som FINN.RAD, FINN.KOLONNE og SLÅ.OPP. XSLÅ.OPP har støtte for omtrentleg og eksakt samsvar, jokerteikn (* ?) eller regulære uttrykk for delvise treff og oppslag i loddrette eller vassrette område. XSLÅ.OPP kan utføra eit omvendt søk og tilbyr eit raskt binært søkealternativ når du arbeidar med store datasett.

Syntaks

XSLÅ.OPP( [Søkjekriterium] ; Søkjematrise ; Resultatmatrise [ ; [ Resultat viss ikkje funne ] [ ; [Treffmodus] [ ; Søkjemodus ] ] ] )

Søkjekriterium: (valfri) Verdien av kva type som helst som skal søkjast etter i Matrise. Viss utelete, returnerer XSLÅ.OPP tomme celler det finn i Søkjematrise.

Søkjematrise: er referansen til matrisa det skal søkjast i. Matrisa må vera ei 1-dimensjonal matrise og må innehalda berre eitt ark.

Resultatmatrise: er referansen til matrisa eller området som skal returnerast.

note

Viss Resultatmatrise er eit celleområde, må XSLÅ.OPP-funksjonen skrivast inn som ein matriseformel.


Resultat viss ikkje funne: ein tekst eller eit celleinnhald som skal returnerast viss søkjekriterie-verdien ikkje vert funne. Viss det ikkje finst gyldige treff og Resultat viss ikkje funne er utelete, returnerer funksjonen #I/T-feilen.

Treffmodus: (valfri) spesifiserer trefftypen. Verdiar kan vera:

Søkjemodus: (valfri) spesifiserer søkjemodusen som skal brukast.

warning

Verdiane 2 og 3 i Treffmodus kan ikkje kombinerast med binært søk (Søkjemodus verdi 2 eller -2).


note

Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.


Eksempel

Gå ut frå at vi har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».

A

B

C

D

...

DO

1

Element

Hydrogen

Helium

Lithium

...

Oganesson

2

Symbol

H

He

Li

...

Og

3

Atomnummer

1

2

3

...

118

4

Relativ atommasse

1.008

4.0026

6.94

...

294


{=XSLÅ.OPP("Atomnummer";A2:A4;A2:DO4)} returnerer matrisa

Atomic Number

1

2

3

...

118


{=XSLÅ.OPP("Helium";B1:DO1;B1:DO4)} returnerer matrisa

Helium

He

2

4.0026


{=XSLÅ.OPP("Kryptonitt";B1:DO1;B1:DO4;"Ukjend element")} returnerer matrisa {"Ukjend element","Ukjend element","Ukjend element","Ukjend element"}.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 24.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.XLOOKUP

Støtt oss!