LibreOffice 25.2 Hjelp
Resultatet er eit datotal som kan formaterast som dato. Du får i tilfelle fram ein dato som er eit bestemt tal på arbeidsdagar frå startdatoen.
ARBEIDSDAG(StartDato; Dagar[; Helgedagar])
StartDato er den første datoen som utrekninga vert gjort for. Dersom startdatoen er ein arbeidsdag, vert også denne datoen teke med i utrekninga.
Dagar: talet på arbeidsdagar. Positiv verdi for eit resultat etter startdatoen, negativ verdi for eit resultat før startdatoen.
Fridagar: liste over valfrie fridagar. Dette er dagar som ikkje er arbeidsdagar. Skriv inn eit celleområde der fridagane er lista opp individuelt.
Kva dato kjem 17 arbeidsdagar etter 1. desember 2001? Skriv inn startdatoen "2001-12-01" i C3 og talet på arbeidsdagar i D3. Cellene F3 til J3 inneheld jule- og nyttårsfridagar: "2001-12-24", "2001-12-25", "2001-12-26", "2001-12-31", "2002-01-01".
=ARBEIDSDAG(C3;D3;F3:J3) returnerer 37253. Formatert som dato, for eksempel DD.MM.ÅÅÅÅ, vert dette 28.12.2001.