VEKENR_EXEL2003

Resultatet er vekenummeret for ein dato.

tip

Funksjonen VEKENR_EXCEL2003 reknar ut vekenummer nøyaktig slik Microsoft Excel 2003 gjorde det. Bruk funksjonen VEKENR for å vere kompatibel med ODF OpenFormula og Excel 2010 eller funksjonen ISOVEKENR når du treng vekenummer etter ISO 8601. I utgåver av LibreOffice før versjon 5.1 vart VEKENR_EXCEL2003 kalla VEKENR_ADD.


Syntaks

VEKENR_EXCEL2003(Dato; Type)

Dato er datoen inne i kalenderveka.

Type er 1 dersom første dagen i veka er søndag, 2 dersom første dagen i veka er måndag.

Eksempel

I kva veke var 24.12.2001?

=VEKENR_EXCEL2003(DATO(2001;12;24);1) returnerer 52.

Støtt oss!