VEKENR_OOO

VEKENR_OOO reknar ut vekenummeret ut frå den interne datoverdien.

note

Denne funksjonen er teke med slik at det er råd å bruka utgåver av LibreOffice eldre enn 5.1.0 og OpenOffice.org. Utrekninga av vekenummera tar utgangspunkt i at den veka som inneheld 4. januar er veke nummer 1. Denne funksjonen kan ikkje brukast saman med andre program i rekneark. For nyare dokument må du bruka funksjonen VEKENR eller ISOVEKENR i staden.


Syntaks

VEKENR_OOO(Tal; Modus)

Tal er det interne datotalet.

Modus bestemmer når veka skal byrja og utrekningstypen som skal brukast.

1 = Søndag

2 = Måndag (ISO 8601)

alle andre verdiar = Måndag (ISO 8601)

note

Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.


tip

Det er mogleg å laga eintydige omformingar for dato og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn i ISO 8601. Viss feilen #VERDI! kjem opp, fjernar du merkinga for Lag #VERDI!-feil i → LibreOffice Calc → Formel, knappen Detaljar … i området «Detaljerte innstillingar for utrekning» i listeboksen Omform frå tekst til tal.


Eksempel

=VEKENR_OOO(DATO(1995;1;1);1) returnerer 1

=VEKENR(DATO_OOO(1995;1;1);21) returnerer 52. Veke 1 byrja på måndag 02.01.1995.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.1.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

ORG.LIBREOFFICE.WEEKNUM_OOO

Støtt oss!