VEKENR

VEKENR reknar ut vekenummeret ut frå den interne datoverdien slik han er definert i ODF (OpenFormula) og er kompatibel med andre reknearkprogram.

Programmet har støtte for to ulike nummereringssystem for vekenummer:

System

Description

System 1

Den veka som inneheld 1. januar er den første veka i året og får nummeret 1.

System 2

Den veka som inneheld den første torsdagen i året er den første veka i året og vert veke nummer 1. Veke nummer 1 er såleis den veka som inneheld 4. januar. Dette er definert i ISO 8601, som også har bestemt at måndag er den første dagen i veka.


Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Syntaks

VEKENR(Tal [;Modus])

Nummer er det interne datonummeret.

Modus bestemmer kva dag veka byrjar med og nummeringssystemet for veker. Parameteren er valfri. Dersom han manglar, vert han sett til 1.

System

Modus

Vekedag

System 1

1

Søndag

2

Måndag

11

Måndag

12

Tysdag

13

Onsdag

14

Torsdag

15

Fredag

16

Laurdag

17

Søndag

System 2

21

Måndag (ISO 8601)

150

(ISO 8601, for å vera interoperabel med Gnumeric)


note

Når datoar vert skrivne inn som ein del av ein formel, vert skråstrekar og bindestrekar oppfatta som matematiske teikn. Difor vert datoar som inneheld desse teikna ikkje oppfatta som datoar, noko som fører til feil i utrekningane. For at datoar skal oppfattast som datoar, bruk DATO-funksjonen, for eksempel DATO(1954;7;20) eller bruk ISO 8601-notasjon i doble hermeteikn, for eksempel "1954-07-20". Ikkje bruk lokale skrivemåtar som for eksempel "20.07.54" sjølv om dei kanskje fungerer korrekt i oppsettet ditt. På andre maskiner med anna oppsett for datoar, kan dette føre til feil.


tip

Det er mogleg å laga eintydige omformingar for dato og klokkeslett i utvida format med skiljeteikn i ISO 8601. Viss feilen #VERDI! kjem opp, fjernar du merkinga for Lag #VERDI!-feil i → LibreOffice Calc → Formel, knappen Detaljar … i området «Detaljerte innstillingar for utrekning» i listeboksen Omform frå tekst til tal.


Eksempel

=VEKENR(DATO(1995;1;1);1) returnerer 1

=VEKENR(DATO(1;1;95);2) returnerer 52. Dersom veka byrjar måndag, vil søndagen framføre høyre til det forrige året.

=VEKENR(DATO(1995;1;1);21) returnerer 52. Veke 1 byrja på måndag 02.01.1995.

=VEKENR(DATO(1999;1;1);21) returnerer 53. Veke 1 byrja på måndag 04.01.1999.

Støtt oss!