URI-funksjonar

Desse reknearkfunksjonane vert brukte til å setja inn data frå Universal Resource Identifiers (URI).

NETTENESTE

Hent innhald frå nettet via ein URI.

Syntaks

NETTENAR(URI)

URI: URI-tekst for nettenesta.

Eksempel

=WEBSERVICE("wiki.documentfoundation.org/api.php?hidebots=1&days=7&limit=50&action=feedrecentchanges&feedformat=rss")

Returnerer innhaldet av nettsida «https://wiki.documentfoundation.org/api.php?hidebots=1&days=7&limit=50&action=feedrecentchanges&feedformat=rss«.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.WEBSERVICE

FILTERXML

Bruk eit XPath-uttrykk på eit XML-dokument.

Syntaks

FILTERXML(XML Dokument; XPath-uttrykk)

XML-dokument (nødvendig): Streng som inneheld gyldig XML-tekst.

XPath-uttrykk (nødvendig): Streng som inneheld eit gyldig XPath-uttrykk.

Eksempel

=FILTERXML(WEBSERVICE("wiki.documentfoundation.org/api.php?hidebots=1&days=7&limit=50&action=feedrecentchanges&feedformat=rss");"//lastBuildDate")

Returnerer informasjon om når Wiki-en vart sett opp

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 4.2.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.FILTERXML

NETTADRESSEKODE

Returnerer ein streng med dekoda nettadresse.

Bruk denne funksjonen for å omforma tekst med nasjonale bokstavar (for eksempel bokstavar med aksentteikn, bokstavar som ikkje er ASCII-teikn eller asiatiske ord) til ein streng med symbol i URL-standard.

Syntaks

NETTADRESSEKODE(tekst)

tekst: Streng som skal omformast til URL-standard.

Eksempel

Viss cella A1 inneheld den kyrilliske teksten «автомобиль», vil =NETTADRESSEKODE(A1) returnera %D0%B0%D0%B2%D1%82%D0%BE%D0%BC%D0%BE%D0%B1%D0%B8%D0%BB%D1%8C (ordet "автомобиль" betyr bil på russisk).

Viss cella B1 inneheld teksten «車», vil =NETTADRESSEKODE(B1) returnera %E8%BB%8A («車» betyr bil på japansk).

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 5.0.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.ENCODEURL

Støtt oss!