LibreOffice 25.2 Hjelp
Konverterer strengrepresentasjonen av eit tal til numerisk form. Viss strengen er ein gyldig dato, klokkeslett eller dato-klokkeslett, vert det serielle dato-klokkeslett-talet returnert.
VERDI(Tekst)
Tekst: Ein streng (i hermeteikn), eit tal eller ein referanse til ei celle som inneheld ein av desse typane, som inneheld verdien som skal konverterast.
Viss argumentet Tekst er ein streng som representerer ein dato, eit klokkeslett eller ein talverdi med desimal- og tusenskiljeteikn, må strengen vera i samsvar med gjeldande nasjonale innstillingar.
=VERDI("1234") returnerer talverdien 1234.
=VERDI("+1 234,567") returnerer 1234,567 (med nasjonale innstillingar nb/nn, dvs. norsk). Merk at teiknet «+» kunne vore sløyfa.
=VERDI("kr 100") returnerer 100 (viss nasjonale innstillingar er sett til norsk, nb/nn). Merk at valutaforkortinga må vera den same som er sett i nasjonale innstillingar.
=VERDI("50%") returnerer 0,5. Merk at teiknet «%» gjer at talet vert dividert med 100.
=VERDI("2021-07-30") returnerer 44407 (går ut frå ISO 8601-format) som er sekvensnummeret for dato og klokkeslett for den spesifiserte datoen.
=VERDI("09:20:25") returnerer 0,389178240740741. Dette er dato-klokkeslett-sekvensnummeret som svarar til den gjevne tidsværdien.
Sjå wikisida VALUE for meir om denne funksjonen (på engelsk).