UNIK

Returnerer ei matrise med unike verdiar frå eit område eller ei matrise med verdiar.

Syntaks

UNIK(Matride; [Etter kol], [Kor_unik])

Matrise: Området eller matrisa som dei unike verdiane skal henstast frå.

Etter kol: (valfri) ein logisk verdi som indikerer korleis dataa skal samanliknast: SANN ‒ samanlikna dataa vassrett for eit treff i alle cellene i kvar kolonne, på tvers av alle kolonnane. USANN eller sløyfa (standard) ‒ samanlikna loddrett for eit treff i alle cellene i kvar rad på tvers av alle radene.

Kor_unik: (valfri) Ein logisk verdi som definerer kva verdiar som skal reknast som unike. SANN vil returnera verdiar som finst berre éin gong. USANN eller utelate vil returnera alle distinkte verdiar i områdt eller matrisa.

note

Funksjonen UNIK må skrivast inn som ein matriseformel.


Eksempel

Med datatabellen nedanfor vil eksempla returnera unike tilfelle av klasse og alder.

A

B

C

D

E

1

Namn

Klasse

Alder

Avstand

Vekt

2

Andy

3

9

150

40

3

Betty

4

10

1000

42

4

Charles

3

10

300

51

5

Daniel

5

11

1200

48

6

Eva

2

8

650

33

7

Frank

2

7

300

42

8

Greta

1

7

200

36

9

Harry

3

9

1200

44

10

Irene

2

8

1000

42

11


Eksempel 1

{=UNIK(B1:C10,USANN(),USANN())} returnerer matrisa nedanfor. Klasse og alder i radene med namna Andy og Harry vert returnerte berre ei gong. Det same for radene med Eva og Irene.

Klasse

Alder

3

9

4

10

3

10

5

11

2

8

2

7

1

7


Eksempel 2

{=UNIK(B1:C10;USANN();SANN())}, med Kor_unik som SANN. Returnerer matrisa nedanformed radene for Andy, Harry, Eva og Irene utelate fordi kombinasjonen klasse og alder ikkje er unike.

Klasse

Alder

4

10

3

10

5

11

2

7

1

7


Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOffice 24.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.UNIQUE

Støtt oss!