LibreOffice 24.8 Hjelp
Avkortar eit tal, men beheld det gjevne talet på desimalar.
Denne funksjonen svarar til AVRUND.NED-funksjonen.
Avrundingsmetoden som vert brukt av denne funksjonen vert også kalla avrunding mot null. Det resulterande talet er alltid mindre enn elle lik det opphavlege talet.
AVKORT(Tal [; Kor_mange])
Tal: Talet som skal avkortast.
Kor_mange: Valfri parameter som bestemmer kor mange desimalar det skal vera i svaret. Standardverdien er 0 (null).
Bruk negative tal for Kor_mange for å avrunda heiltalsdelen av det opphavlege Tal. Såleis vil -1 avrunda det første heiltalet framføre desimalkommaet, -2 dei to heiltala framføre kommaet og så vidare.
=AVKORT(21,89) returnerer 21. Merk at dette eksempelet brukar standardverdien for Kor_menge, som er 0.
=AVKORT(103,37;1) returnerer 103,3.
=AVKORT(0,664;2) returnerer 0,66.
=AVKORT(214,2;-1) returnerer 210. Merk at Kor_mange er negativ, noko som gjer at den første heiltalsverdien framføre desimalskiljeteiknet vert avrunda mot null.