TIDSVERDI

TIDSVERDI returnerer den interne tidsverdien av ein tekst i hermeteikn som kan innehalda ein tidsverdi.

Merknadsikon

Denne funksjonen høyrer til Open Document Format for Office Applications (OpenDocument) standard versjon 1.2. (ISO/IEC 26300:2-2015)


Det interne desimaltalet kjem fram som eit resultat av det systemet LibreOffice brukar for å rekna med datoar.

Dersom tekststrengen også inneheld eit år, ein månad eller ein dag, vil TIDSVERDI returnere brøkdelen av konverteringa.

Syntaks

TIDSVERDI("Tekst")

Tekst er eit gyldig tidsuttrykk og må skrivast inn mellom hermeteikn.

Eksempel

=TIDSVERDI("4PM") returnerer 0,67. Er formatet for klokkeslett sett til TT:MM:SS, får du resultatet 16:00:00.

=TIDSVERDI("24:00") returnerer 0. Dersom klokkeslettformatet er sett til TT:MM:SS, er verdien 00:00:00.

Støtt oss!