TEKSTDELING

Deler ein tekst ved eit gjeve skiljeteikn til ei matrise med fleire celler.

note

Skriv inn formelen som ein matriseformel. Hint: skriv inn formelen med tastekombinasjonen Ctrl + Shift + Enter.


Syntaks

TEKSTDELING(Tekst [; Kolonneskiljeteikn [; Radskiljeteikn [; Ignorer tom [; Treffmodus [; Fyll ut med ]]]]])

Tekst: (valfri) teksten som skal delast.

Kolonneskiljeteikn: (valfri) teksten som skal avgrensa kolonnane. Kan bruka fleire skiljeteikn.

Radskiljeteikn: (valfri) teksten som skal avgrensa radene. Kan bruka fleire skiljeteikn.

Ignorer tom: (valfri) sett til SANN for å ignorera påføljande skiljeteikn, elles vert det laga ei tom celle. Standardverdien er USANN.

Treffmodus: (valfri) sett til 1 for å utføra eit søk som ikkje skil mellom store og små bokstavar, elles vert det gjort eit søk som skil mellom store og små bokstavar. Standardinnstillinga er 0.

Fyll ut med: (valfri) verdien det skal fyllast ut ut med. Standardverdien er #I/T.

note

Kva som helst av dei valfrie innstillingane kan sløydast. Ei valfri innstillinga krev at alle dei føregåande skiljeteikna er til stades.


Eksempel

Viss celle A1 inneheld "AA,BB,,CC/DD,EE,FF/GG,HH,II,JJ", så

{=TEKSTDEL(A1;";"/";USANN();1;"@@@") returnerer denne tabellen:

AA

BB

CC

DD

EE

FF

@@@

GG

HH

II

JJ


Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen er tilgjengeleg sidan LibreOffice 25.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.TEXTSPLIT

Støtt oss!