LibreOffice 24.8 Hjelp
Kjeder saman ein eller fleire strengar med skiljeteikn mellom kvart ledd.
KJED.SAMAN.TEKST( skiljeteikn, hopp_over_tomme, Streng 1[; Streng 2][; … ;[Streng 253]] )
skiljeteikn er ein tekststreng eller eit område.
hopp_over_tomme er eit logisk argument. Når denne vert sett til USANN eller 0, vert tomme strengar tekne med og dette kan føra til tilstøytane skiljeteikn i den returnerte strengen. Når han vert sett til ein annan verdi (for eksempel SANN eller 1), vert tomme strengar ignorerte.
Streng 1[; Streng 2][; … ;[Streng 253]] er strengar, referansar til tekst eller celleområde med strengar.
Område vert sett inn rad for rad frå øvst til nedst.
Viss skiljeteikn er eit område, treng området ikkje ha same storleik som talet på strengar som skal koplast saman.
Viss det er fleire skiljeteikn enn strengar, vert ikkje alle skiljeteikna brukte.
Viss det er færre skiljeteikn enn strengar, vert skiljeteikna brukte om igjen frå byrjinga.
=KJED.SAMAN.TEKST(" "; 1; "Her"; "kjem"; "sola") returnerer «Her kjem sola», med mellomrom som skiljeteikn. Tomme strengar vert ignorerte.
viss A1:B2 inneheld "Her", "kjem", "sola", vil =KJED.SAMAN.TEKST("-";1;A1:B2)) returnera «Her-kjem-sola» med bindestrek som skiljeteikn. Tomme strengar vert ikkje teke med.
COM.MICROSOFT.TEXTJOIN